www.kvinge.biz

Kvinge i Masfjorden

Historie

Utdrag av særoppgåve om Nordkvinge, av Hilde Kvinge

Beliggenhet: Nordkvingo er ei lita bygd som ligg mellom fjord og fjell i Masfjorden. Namnet Kvingo, kjem av to ulike elver som går ut i ei bukt. Kvinn tyder dobbelt. Kvingo har igjennom tida vore skrive på ulike måtar, for eksempel i 1611, Nørre Quienge, i 1522 Nørreqwingum. Garden høyrde i eldre tid til Kannikegodset, og var benifisert Kapelaner til domkyrkja i Bergen. Det å vera benifisert vil seia eit gods som ligg under eit geisteleg embete. Me kjenner til fast busetnad frå 1519. Då er det nemt tre brukarar på Kvingo. I dag er det 10 gardsbruk på Nordkvinge. Noken er ute av drift. Grunnlaget for busetnad i bygda har vore jordbruk, skogbruk og fiske.

Meieridrift: Før mjølkebilen kom på gardane for å hente mjølka, måtte bøndene sjølv ta ansvaret for at mjølka blei kjølt og frakta til meieriet. Det var eit meieri på Nordkvinge-kaien. Der kjøyrde eller bar kvar gardsbrukar ned mjølka si kvar morgon og kveld. Dei frå Sørkvingo samla saman mjølka og så bytta bøndene om å frakta den til meieriet på kaien. Meieristen tok prøvar av mjølka kvar veke, for å klassifisere den. Kvar morgon kom rutebåten til kaien og henta mjølka, for å frakte den til Myking, og derfrå med bil til Seim Meieri. Om sommaren var det eit problem å få mjølka kald. Då måtte dei kjøla den ned med is. Om vinteren når det var is på Kvingedals vatnet, henta dei isblokker med hest og kjerre. Dei sagde opp mange blokker med is, som dei frakta ned til ishuset, ved sida av meieriet. Der var det lagt ned med is og rabb om kvarandre. Rabbet isolerte isen, så den ikkje smelta. På den måten bevarte dei isen langt utover sommaren. Dei på Sørkvinge og Nordkvinge delte på arbeide på meieriet. Dei på Nordkvinge måtte syta for at mjølka kom på kaien kvar dag til rutebåten. Dei på Sørkvinge måtte passa på at det var kaldt der mjølka var nedkjølt. Dei måtte henta isblokker i ishuset og spyla dei reine for rabb. Kvinge meieri vart nedlagt då Duesund meieri kom. Då kom dei og henta mjølk annakvar dag med mjølkebil. I dag vert mjølka henta på kvat bruk av store tankbilar, og frakta til Vestlandsmeieriet i Bergen.

Fiske: Fiske var den viktigaste matressursen for folket i bygda. Alle bruk hadde kvar sitt naust og båt ved sjøen. Fiskeredskapa var garn og lina for det meste. Om sommaren var det makrell som blei fiska. Om hausten var det lange og brosme som dei fiska med lina. Om våren kom silda. Det danna seg notelag i grendene. Fleire gekk saman om båt og fiskeredskapar i notelag. Dei bygde eigne notehus. Eit slikt notehus står enno på Kvingebakken.

Industri: Ved sida av jordbruk og skogbruk, var treindustri ein viktig næring for folk på Kvingo. I 1917 starta trevarefabrikken nede ved Nordkvinge elva. Den vart dreven med vasskraft. Dei laga glasskarmar, dørar og trappar. Det var 5 arbeidarar. Denne fabrikken vart dreven til 1965. Då den vart nedlagt, fekk folk på Nordkvinge arbeid på trevarefabrikken på Sørkvinge. Ein annan viktig arbeidsplass for folk på Nordkvinge, var Kvinge Ullvarefabrikk. Den fabrikken brann ned først på 60-talet. Den vart bygd oppatt og driven vidare. I dag vert bygget nytta til fiske-oppdrett, som og gjer arbeidsplass for folk på Nordkvinge.

Kraftverk: Det første elektrisitetsverket kom i 1935. Det var exit lite kraftsystem som sto nedafor kvernhusa. Det produserte ikkje meir strøm enn at det var nok til lys. Seinare, i 1949 bygde dei eit større kraftverk av Nordkvinge elva. Då fekk kvart bruk 2kwt. Om dei brukte meir, kopla straumen ut. No fekk folk det mykje lettare, for det kom elektriske komfyrar o. l.

Tilfeldige bilder:

Høst over vågen Høst over vågen
Mot Mjåneset Mot Mjåneset
T E K S T
A L B U M
T E K N I S K